Haustmøte med boklansering 13.nov.2024

Publisert av Lilly Kristine Berland den 14.11.24.

Folk strøymde til Heimtun denne kvelden og leiar Odd Thunes kunne ønskje 74 personer velkommen. Første post på programmet var foredrag av Halvdan Mørland som fortalde om slektsgransking.

Han synte på ein fornurleg måte korleis ein kunne få lagt tale til gamle bilder, og haustmøte fekk ei artig helsing frå Stian Halvorsen Mørland (f. 1845) I si slektsgransking hadde Halvdan brukt programmet Legasy som er gratis å hente på nettet. Programmet gjev eit fint visuelt bilde med presentasjon av slekta. Her kan ein leggje inn portrettbilder ved sida av navna. Jobben med slektsgransking er å finne ut av dei ulike slektsledda, når folka levde, når dei døyde og etterkommarane deira. På nettsida Slekt og Data kan du hente mykje hjelp og med medlemsskap får du tilgang til ulike kjelder som Digitalarkivet med kirkebøker og folketellinger, og i Nasjonalbiblioteket der du kan søkje etter artikler i aviser frå gamal tid. Gravminner er og ei nyttig kjelde. Det fins mange typer programmer tilgjengeleg på nettet som kan brukast for å systematisere slekta. I foredraget synte Halvdan korleis han hadde jobba med slektsforskning og han krydra foredraget med bilder av slekta. Det blei eit innhaldsrik foredrag og han blei takka med blomster og den nye årboka.

Neste post på programmet var presentasjon av den nye årboka 2024. Leiar av bokkomiteen Jan Kløvstad gav ein fyldig og visuell presentasjon av boka og kven som hadde skreve dei ulike artiklene. Boka har ein fin portrettartikkelen om friluftsmannen og fugleeksperten Arne Harveland skreven av Roald Bengtson og Inge Selås. Vipa i områdene rundt Molandsvann, minneoppgåva til Oscar M.  Engbråten om oppveksten på plassen Engbråten, Snusdåsen frå Tveiten og Moland er gild lesnad. Gunnar Danielsen har skreve fine artikler om vinter, snø og kulde og om tidleg telting i Tufta. Mørlandsfolk i Arendal er skreven av Knut Engelskjønn. Her tek han for seg folk frå Mørland som har flytta til byen og skapt seg nytt liv i mange generasjoner.

Omtale av Dyrskuet i Brekka i 1907 av Eiliv Ulltveit Moe og historien om navneduker frå 1870 skreven av Ingeborg Fløystad er spesielle historier. Nils Brekka har skreve om dykkerulykka ved Pusnes der Ole Andreas Flaten frå Småmyrene omkom i 1926. Jan Kløvstad har skreve om Hedvig Bjelkevik som fekk kongepokalen for sine skøyteprestasjoner som 18-åring og Elsa Aanonsen står bak ein gild artikkel om Helge og Torbjørg (Tobben) Holm som via sitt liv til dugnad i ulike lag og forreningar i Myra.  Jan Kløvstad blei takka med blomster for den gode jobben han har gjort med årboka.

Det blei servert kveldsmat med smørbrød og kringle, folk kjøpte lodd, vann nyttige gevinster og praten gjekk lystig rundt borda. Dei fleste sikra seg den nye årboka som i år koster kr.300,-. Styret vil reise rundt og selge boka i Austre Moland, i tillegg blir det mulig å få kjøpt boka hos Søstrene Kjevik, hos Tone frisør på Nesheim og på fleire bokbutikker i Arendal og Tvedestrand.