Lokalhistorisk dag på 14. september blei ein stor suksess. Ca. 100 mennesker hadde funne vegen til Heimtun denne flotte haustdagen. Ein komite bestående av folk frå bygdekvinnelaget og historielaget sørga for eit utmerka arrangement. Margit Dale, tradisjonsmatformidlaren frå Valle i Setesdal fortalde om at oppvekst i Setesdal var prega av gamle mattradisjonar og nærleik til naturen. Dette har lagt grunnlaget for ein matfilosofi som byggjer på kortreiste råvarer, reine smakar og matglede. Med innleving og varme formidla ho kunnskap og praktiske råd som gjer det spennande og gøy å dyrke eigne råvarer, hauste frå naturen rundt oss samt å lage god mat frå botnen av. Foredraget var krydra med opplevingar frå ulike TV-produksjonar og ulike folks reaksjonar på slakting av dyr. Naturleg var navnet på foredraget, om det gamle matstellet og kvifor det er meir naturleg enn nokon gong. Å dyrke eigen mat og utnytte råvarene godt er viktig i eit bærekraftsperspektiv. Ho snakka og om kor lurt det er å planlegge matlaginga godt, utnytte rester og minske matsvinnet.
Etter foredraget var det fleire som nytta sjansen til å skaffe seg ei av bøkene Margit har skreve. På senen kunne folk studere ulike reiskapar og utstyr som dei brukte til matstell før i tida. Det var og laga Quiz om utvalgte gamle ting. Mange tok seg tid til å delta på denne.
Ute blei det servert nydeleg byggrynsuppe med kjøtt og grønsaker i og med heimebaka flatbrød til. Etterpå var det kaffi, kaker av ulike slag, nysteikte potetkaker og lomper.
Folk kosa seg i haustsola og bygdekvinnelaget hausta gode ord om maten som blei servert.