Haustmøte med presentasjon av ny årbok

på Heimtun 22. nov. 2022.

 

 

Haustmøte med presentasjon av årboka er blitt eit populært arrangement.

 I år kunne nestleiar John Bernhard Johnsen kunne ønskje velkommen til ca. 70 frammøtte.

Han orienterte om programmet for kvelden og etter det fekk Gunnar Molden ordet som hovudtalar for kvelden. Tema for foredraget var Arendalsgruvene, Jerngruvedrift i Østre Moland, Molandsbøndene og jernverket.

På 1500 talet starta jernverka og jernindustrien. Det fyrste jernverket var i Skien ca.1550. I vårt område var jernverket i Barbu det fyrste, ca.1570. Men i Barbu -området var det lite trekol, og jernverket blei «flytta» til Båsland i Holt og seinare til Næs Verk.

Malmen frå Arendalsområdet var av god kvalitet og etterspurd. Det var gruvedrift i fleire områder, Bråstad, Mørfjær, Lyngroth , Bjornes og Fjellsgruva.  På det meste kunne det være opptil 200 personer i sving med gruvedrift i vårt område. Til å sprenge i gruvene blei det mest brukt fyrsetting /varmesetting, i tillegg blei det brukt krutt. I følgje bygdeboka var det drift i Fjellsgruva  i perioden 1764-1829, men Molden hadde kjelder som viste til drift der i perioden 1720 til 1850.  Gruvedrifta og jernverka var avhengig av bøndene i området til mange oppgåver. Bøndene produserte ved til fyrsetting i gruvene og trekol til smelting av malmen i masovnen på jernverket. I tillegg var bøndene viktige for frakt av malm, trekol og anna varefrakt til jernverket. Det meste av transporten av malm og trekol føregjekk vinterstid med hest og slede. På jernverket blei det produsert jern til vedovner, kanonkuler og jernstenger til ymse formål.

Gunnar Molden blei takka for eit innholdsrikt foredrag og overrekt ei signert utgåve av årboka «Dei gav oss ein arv».

Knut Engelskjøn og Jan Kløvstad presenterte årboka som er innhaldsrik og flott.  Her er det omtale av historielaget sitt 40 års jubileum, om Nesheim skole 75 år, om Brekka Østre, om gamle Dalen misjonshus, fyldig historie om orienteringssporten i AMIL, store O-prestasjoner og mykje meir.

Så var det kveldsmat med smørbrød og kaker, loddsal og sal av årboka. Praten gjekk lystig rundt borda og folk kosa seg. I pausen orienterte Nils Åge Vikingsdal om skogkulturkveld på Dalen Misjonshus 17. nov. med Sigbjørn Johnsen som skal lese dikt av Hans Børli mm.

Til slutt var det loddtrekning og vel heim til alle!

 

Bilde 1: Gunnar Molden holder foredrag om gruvedrift og malmtransport

Bilde 2: Knut Engelskjøn og Jan Kløvstad orienterer om den nye årboka

Referent: Lilly Berland

 

 

 

 


Austre Moland Historielag

Webansvarlig: Torjus Skjævestad,

tskjaves@online.no