Referat frå Historielagets høsttur

til  Fjellsgruva 4. sept. 2022

 I eit ruskete vær ønska leiar Odd Thunes 38 deltakarar velkommen til årets høsttur.

Under overbygget på skytebanen ved Øynesvann holdt Eiliv Ulltveit Moe eit innhaldsrikt foredrag om gruvedrift i vårt område og spesielt om drift av Grasåsgruva og Fjellsgruva.

I Grasåsgruva som var ein av dei største feltspatskjerpa i bygda,blei det frå 1885 og utover tatt ut feltspatmalm. Malmen blei kjørt   med hest til Stølshagen ved Langangsvatnet og vidare derifrå på ferje til Neskilen. På det meste var det 90 hestar om dagen i sving for å transportere malmen frå gruva til Stølshagen. Feltspat blei brukt til porselen og glasurer. Etter at feltspatuttaket blei ulønnsamt i Grasåsgruva, blei det tatt ut kvarts frå gruva. Dette foregjekk fram til 1980 tallet og kvartsen blei frakta til smelteverket på Eydehavn og brukt til slipemiddel.

I Fjellsgruva var det drift frå 1764-1829 og eigaren av gruva var Nes Verk. Her blei det tatt ut betydeleg mengde jernmalm som blei frakta til jernverket på Nes Verk. Malmen var av god kvalitet. Gruva var svært vassjuk og for å pumpe vatn ut av gruva, blei det konstruert eit spesielt pumpeverk dreve av eit overfallsvannhjul og stangledning i tre. Konstruksjonen fekk namnet «vannkonsta».

For å sprenge i gruvene, brukte dei teknikken varmesetting. Bøndene i område måtte skaffe ved til varmesetting i gruvene, i tillegg måtte dei produsere kol til jernverket ved å bygge og brenne kolmile. For å få godt kol måtte ei stor kolmile brenne i 15-20 dagar.

Etter foredraget til Eiiv Ulltveit Moe, letta regnværet og det blei tur innom Grasåsgruva som ligg rett ved skytebanen. Deretter gjekk turen til Fjellsgruva . Langs skogsvegen var det lagt opp ein historisk natursti for vaksne og natursti for barn. Vi fekk ei lita orientering ved «vannkonsta» før vi enda opp ved Fjellsgruva. Alle som ønska det fekk komme inn i gruva. Deretter blei det matpause, god prat og gjennomgang av naturstispørsmåla.  Sjøl om været ikkje var det beste i starten, vart det ein vellukka høsttur.

Bilder fra turen finner du her.......

Referent: Lilly Berland

 

 


Austre Moland Historielag

Webansvarlig: Torjus Skjævestad,

tskjaves@online.no