Verdig minnestund på kjerkehaugen i Austre Moland

 8. mai 2020

 

 

 

 

Sigurd Ledaal heldt ein svært god tale om motstandsarbeidet i Austre Moland under andre verdenskrig, under leiing av Tore Bjørn Ledaal - onkel til Sigurd. Talen blei avslutta med at Sigurd Ledaal las namna på alle dei falne i begge krigane, og det blei lagt blomster for kvar enkelt ved minnestøtta.

Prest og musikar Elin Ann Øvensen spelte. Nestleiar Odd Thunes i Austre Moland historielag leia arrangementet, og la også ned blomster på Tore Bjørn Ledaals grav.

 

 

Redaktør Knut Engelskjøn fekk bokgåve som takk for det store arbeidet med Austre Molands eiga krigshistorie. Knut Engelskjøn har vore den viktigaste drivkrafta i arbeidet med Ei lita bygd i den store krigen, som nå kom ut til 75-årsjubileet for fredsdagen i 1945. Her er meir om boka, som er ein grundig dokumentasjon av både motstandsarbeid, nazisme og den lokale historia.

 

OddThunes, Sigurd Ledaal og Knut Engelskjøn

Mer om boka finner du her....

Tekst og foto: Jan Kløvstad

 

Foto: Anders Adolf Engelskjønn

 

 


Austre Moland Historielag

Webansvarlig: Torjus Skjævestad,

tskjaves@online.no